AllStar-show

Laurdag 2. mai

Laurdag kveld ca kl 2230 blir det AllStar-show under Ål Cup.
Her kan du forvente kjempestemning og handballunderhaldning på høgt nivå. Ein jury set saman to topplag med handplukka spelarar frå klassene Jenter og Gutar 14-16 år.

Under AllStar-showet vil det også bli direkte finale i "Hardaste skot", og andre showinnslag.

Først ut vil finalistane i HARDASTE SKOT-konkurransen vera. Her vil dei 2 beste i kvar klasse frå kvalifiseringa før på dagen møtast i duell midt på banen. Berre den som skyt hardast under finalen vil gå av banen med pokalen som bevis på at han/ho skyt hardast i si aldersklasse under Ål Cup. Her er det mykje prestisje ute og går.

Deretter er det presentasjon av spelarane på AllStar-laga. Spelarane er plukka ut av ein kvalifisert jury basert på kampane fredag og laurdag under Ål Cup.

Det heile blir arrangert framfor fulle tribuner.

Denne kvelden er ofte eit høgdepunkt for både spelarar og publikum.

    Hovudsponsor



    Turneringshotell


    Tlf. nr. 32082011

    Sponsorar